Haram frivilligsentral skal vere eit knutepunkt mellom frivillige lag og organisasjonar inn mot kommunen og her kan ein få hjelp til blant anna:
* Tilskotssøknadar
* Reklamere om arrangement gjennom Friskus/Facebook
* Friskusopplæring
* Informasjon om kommunen og deira tilbod innan frivillig aktivitet
Kontoret der Ingvild Haram ofte held til, ligg i Tenestehuset i Brattvåg i Strandgata 40.
Haram Frivilligsentral jobbar tett saman med biblioteket i same bygg og er eindel av Innbyggartorget på Tenestehuset i Brattvåg.
Det kan vere lurt å avtale møtetid om du vil snakke med meg, og eg er på jobb tirsdag, onsdag og torsdagar stort sett. Men pga stor møteaktivitet, kan det vere greitt å snakke med meg på forhand om du vil ha eit møte med meg.
Ta turen innom eller ring meg på mobilen, send ein mail :)