Torsdag 3. desember inviterar vi til møteplass på Longva bibliotek.
TID: Torsdag 3. desember kl. 1800
STAD: Longva bibliotek.
Vi har fått med oss Viviann Maridal og Greta Søvik som skal snakke litt om korleis ein kan bu trygt heime, lengst mogleg.
Velferdsteknologi handlar ikkje om robotar som skal ta over, men om korleis vi lengt mogleg kan vere trygg i eigen heim når vi vert eldre.
Viviann har god kunnskap om kva som er å få tak i innan dette feltet.
Greta vil gjerne snakke litt om moglegheit for tilrettelegging av bolig og evt. korleis ein kan få råd til å skaffe seg ei leilighet. Mange ønsker seg kanskje ei mindre bolig når ein vert eldre. Korleis kan ein planlegge for framtida og bu trygt heime?
Arrangementet er gratis!
Vel møtt til seniorar!
