Arrangement

Sølvbølga i Haram - det er fole kjekt å møtast! Jan Olav Flatmark med boka "Gestapo på Sunnmøre"

Vert arrangert av:
Medarrangør

Onsdag 21. oktober tek vi med oss Jan Olav Flatmark til Lepsøy bibliotek :)

Tid: Onsdag 21. oktober kl. 1800

Stad: Lepsøy bibliotek

Jan Olav Flatmark kom i 2020 med boka "Gestapo på Sunnmøre". Vi har spurt om han vil kome å snakke litt om boka og historien rundt. Jan Olav Flatmark har aleine, eller i samarbeid med blant anna Harald Grytten komt meg mykje almen folkeopplysning, oppslagsverk og historiske dokumentasjonar. Han har i mange år vore ein ettertrakta foredragshaldar i eit stort geografisk område. Utan hans engasjement og kunnskal hadde kommuner på Sunnmøre vore langt fattigare innan denne delen av kulturarven vår.

Men sine gode kunnskapar innanfor krigshistorie ville vi gjerne at han kom å snakka speiselt om boka si "Gestapo på Sunnmøre". Dette fordi årets tema for Verdensdagen for psykisk helse handlar om "tillit i samfunnet". Under krigen i 1940-45 var dette alfa omega for å overleve- i dag likeså. På mange området har vi kanskje mista eindel av tilliten til kvarandre. Kva betydde det for dei som blei angitt under krigen, familiane deira? Korleis kan en lære av dette i dag?

Arrangementet er gratis!

VEL MØTT TIL LEPSØY BIBLIOTEK ONSDAG 21. OKTOBER KL. 1800 :)

Kategori
Debate

Kopier lenkje for å dela til Facebook-grupper

October 21, 2026

16:00 — 18:00

Praktisk informasjon

Stad:Lepsøy bibliotek
Adresse:Lepsøyvegen 23, 6292 Kjerstad, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart