Søndag 1. september inviterer ordførar Vebjørn Krogsæter til tur, for å markere starten på friluftslivets veke 2024. Turen går til Haram sin høgaste fjelltopp, Blåskjerdingen (1061 moh).
Turen til Blåskjerdingen går frå fylkesveg 5970, like etter bebyggelsen på Krogsætra. Der er litt begrensa parkeringsmoglegheiter, så vi oppfordrar til samkøyring dersom det er mogleg. Turen om lag 7 km (t/r) og med 883 meter stigning.
Berekna tidsbruk er om lag 4 timar (t/r). Det er nødvendig å ha med drikke, og gjerne også ein matbit.
Blåskjerdingen står på lista over Stikk UT!-mål, og turen er dermed ei fin moglegheit til å besøke eitt av turmåla i årets sesong.
Stikk UT!-sesongen 2024 går mot rekord i antall registrerte turar, og Sunnmøre Friluftsråd rapporterer om nesten 70 000 fleire registreringar enn i fjor på same tid, på heimesidene sine.
Arrangementet har inga påmelding, og alle som ønsker å vere med på tur er velkomne. Oppmøte ved parkeringa, og avgang klokka 11.00.